onsdag 25. mai 2016

Eventyrøskje

I dag har eg laga ferdig ei av fleire eventyrøskjer som eg har på tapeten. Også fint å lage desse øskjene ilag med borna men sidan lisjeklumpen her er vel liten for det lyt vi ta att det her når han vert større.
Ei stk heldig pappøskje har fått æra av å vere huset til dei tre bukkane bruse
Ikkje mykje som skal til for å gjere øskja litt meir spanande, fram med malarpenselen 
Geitekillingane vart enkelt laga av papprestar og pynta opp med litt maling


Då er trollet kome på plass, her brukte eg det eg fann heime, greiner, tyll, stoff, maling, treperler og tråd
Lys funkar alltid og gir god effekt og ikkje minst stemning. her har eg brukt ei lyslenke for å få sætra til å skine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar